Fuglesteg

Ubetjent
Luster Turlag
Låst med DNT-nøkkel
Breheimen med Jostedalsbreen
Åpen hele året
31 sengeplasser

Frå 1. mai er det fint å gå til Fuglesteg. Alle helger frå 17. mai til 15. september er steinstova open frå kl. 11 til kl.17 for servering av hellekaker m/rømme og syltetøy, kaffi, te, sjokoladedrikk eller saft.

I perioden fra 24. juni fram til 11. august er det servering kvar dag med unntak av 6.,7. og 8. august.

Det er vanlegvis god plass til overnattande. Men om det er ønskjeleg er det mogleg å booka sengeplass på rom 1 og 4. Det finn du HER. Større grupper/skuleklassar tek kontakt med Kari Ødegård på SMS 480 77 262 for booking.

OBS! Ingen ledige overnattingsplassar den 10.-11.8 pga. privat arrangement.

Beliggenhet

Fuglesteg (630 moh) ligg inst i Sognefjorden, i Fortunsdalen i Luster kommune (gamle Sogn og Fjordane).

Det er ein spanande dagstur til Fuglesteg enten frå Fortun eller Turtagrø. For dei som går frå hytte til hytte vil Fuglesteg vera eit naturleg start- eller avslutningspunkt på turen. Det er merka rute til Turtagrø. Då er ein inne på rutenettet til Jotunheimen via Skogadalsbøen eller Fanaråkhytta, og til Breheimen via Stølsdalen. Dessutan er det praktfulle turar å ta på sørsida av Austabotttindane via Gravdalen til Gravdalen, Avdalen, Vetti eller Stølsmaradalen i Årdal.

Rom

I steinstova er det 23 senger. Fjøsen er sett i stand og har 8 senger (31 til saman). Fuglesteg egner seg godt til skoleklasser.

Grupper og skuleklassar kan ta kontakt for spesialpris. Kontaktperson Fuglesteg: Kari Ødegård telefon 480 77 262 .

Fjøsbygningen er no eit stort fellesrom som kan nyttast som selskapslokale, til konsertar og andre større arrangement. Der er bord til å dekka opp til ca 80 personar og stolar til 150 for konsertar og liknande.

Utstyr

Det er ikkje mat lagra i husa, men i sommarferien har turlaget dagleg servering av hellekaker med rømme/ syltetøy og kaffi/ saft. Dersom du skal overnatte må du ta med eiga mat og lakenpose/sovepose. Det er fasilitetar for å varme mat. Steinstova er låst med standard DNT-nøkkel, hugs nøkkel.

Vatn

Finn du i slange over Timrastova eller i Fuglesteinsbekken.

Bestilling og betaling

Om de er færre enn fem personar, treng de ikkje bestilla overnatting. Grupper på fem eller fleire sender SMS til 480 77 262 for å bestilla.

Prisar for overnatting og dagsbesøk (medlem/ikkje medlem)

Dagsbesøk: 40,-/80,-

Overnatting vaksne kr. 315,-/450,-

Overnatting ungdom 13-26 år kr. 165/kr. 450,-

Overnatting born 4-12år kr.50/ kr. 220,-

Overnatting born 0-3år kr. Gratis /Gratis

Betaling:– Nytt gjerne VIPPS. nr til Fuglesteg: 106547 – Kontantar kan du leggja i pengeskrinet i ein konvolutt. Hugs å skriva utanpå kva betalinga gjeld.- Ta med bankgiroblankett og betal i nettbank. Skriv i merknadsfeltet kva betalinga gjeld.

NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg. Hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at vindauge og dører er stengde som då du kom.

DNT-medlemskap

Dersom du ikkje har nøkkel, kan du mellom anna kontakte Stein Bugge Næss, (Luster Fjordhytter, Høyheimsvik) på telefon 958 74 596. Nøkkelen kostar kr. 100 (depositum) og du må vera DNT-medlem for å få kjøpa nøkkel.

Aktivitetar

Eit besøk på nabogarden Furåsen kan vera interessant, og derifrå kan ein å gå opp på vårstølen Hovden.

Historie og annan info

Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ei oppleving av dei sjeldne. Plassen vart rydda rundt 1650 og det budde ein, og etterkvart to familiar der oppe i tre hundre år. I 1946 vart det eine bruket fråflytta og i 1968 det andre. Det store toetasjes steinhuset som vart bygt i 1830 vart brannskada i 1985.

Luster Turlag har sett i stand dei gamle husa og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte. Fuglesteg blir stort sett styrt på dugnad, men Luster Turlag har likevel store utgifter her. Betalinga di går til ved, gass, reinhald og vedlikehald av hus og utstyr inne og ute. Takk for at du støttar oss!

I vinterhalvåret er Fuglesteg stengt på grunn av is og rasfare.

Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

...
Show more

Bestill overnatting

Velg dato og antall personer for å bestille overnatting

Steinstova, Rom 1, Dobbeltseng 2 (høyre side)


Steinstova, Rom 1, Dobbeltseng 1 (venstre side)


Steinstova, Rom 1, Enkeltseng 1


Steinstova, Rom 1, Enkeltseng 2


Steinstova, Rom 4, Dobbeltseng 1 (venstre side)


Steinstova, Rom 4, Dobbeltseng 2 (høyre side)


Steinstova, Rom 4, Enkeltseng 1


Steinstova, Rom 4, Enkeltseng 2


Steinstova, Rom 4, Enkeltseng 3

Bestill overnatting