1/5
mainImage

Tungestølen ubetjent - Austerdalshytta

Luster Turlag
Ubetjent
Låst med DNT-nøkkel
Breheimen med Jostedalsbreen
Ubetjent fra 1.11.2025 til 1.5.2026
12 sengeplasser

Klar for å oppleve vill og vakker vestlandsnatur, med brear og stupbratte fjell? Da er ein tur til denne familievenlege hytta noko for deg! Her kan ein leike og urforske rett utanfor hytta, og ein kan fint studere breen på god avstand (frå hytta) om ein ikkje ynskjer å komme for tett på!

Opningstider

Austerdalshytta er open som ubetjent hytte når Tungestølen er stengt.

På sommarhalvåret når Tungestølen er betent, inngår Austerdalshytta som ein del av beteninga på Tungestølen. Det er altså berre mogleg å booke Austerdalshytta som ubetjent hytte når Tungestølen er stengt for sesongen.

For booking av Tungestølen sjå her: Rom og bestilling på Tungestølen - DNT

Beliggenhet

Augsterdalhytta ligg i tunet ved Tungestølen Turisthytte. Austerdalshytta er ein del av det betjente anlegget på Tungestølen om sommaren. Men på hausten, vinteren og våren er hytta ein fullverdig ubetent hytte- som ventar på deg! Tungestølen ligg innst i Veitastrond, heilt attmed Jostedalsbreen i Luster Kommune.

Når det er snø, blir det køyrt opp skiløyper frå Veitastrond og inn til Tungestølen. Skituren er omlag 5 km i lett kupert terreng. Turen eignar seg også for småbarnsfamiliar. Om hausten og seint på våren kan du køyre heilt fram med bil. Hytta er låst med DNT nøkkel.

Rom

Det er 3 soverom på Austerdalshytta; Odin, Tor og Loke med totalt 12 sengeplassar i hytta. Det er og 2 madrasser på hemsen. Det er også tørkerom og ei stor stove/kjøkken med store vindauge, så ein kan nyte synet av naturen.

Du bestiller og betalar pr soverom og registrerer tal senger i bruk når du bestiller.

Det er straum i hytta, så det er ein liten lunk når du kjem fram. Deretter er det berre å fyre i omnen og kose seg.

Utstyr

Hytta er installert med det du treng for ei overnatting med kjøkkenutstyr, kokeplate, utedo, dyne/pute og tepper. Hugs å ta med mat og lakenpose!

Vann

Ta med vatn, smelt eller hent i elva (300m nedanfor hytta).

Hund

Det er dessverre ikkje lov å ha hund inne på hytta.

Naturvern

Me ber om at de går på merka sti når de går på tur kring Tungestølen og Austerdalshytta, for å spare terrenget rundt. Hugs at du er på grensa til Jostedalsbreen Nasjonalpark, og la fuglar og dyr vera i fred. Hugs alltid sporlaus ferdsel.

DNT- medlemskap

Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

Aktiviteter

Me vonar hytta kan bli eit kjekt turmål, og det ligg godt til rette for t.d. skileik og moro rett utanfor hytta. Her kan ein leike og urforske rett utanfor hytta, og ein kan fint studere breen på god avstand (frå hytta) om ein ikkje ynskjer å komme for tett på!

Velkommen til å overnatte på Austerdalshytta på Tungestølen!

Bestilling og betaling

Bestilling og betaling

For forhåndsbestilling av hytta gjør du dette via hyttebestilling

Betal for overnatting i DNT‑appen

På ubetjente DNT‑hytter registrerer og betaler du enkelt for overnatting i DNT‑appen. Dette gjelder bare for de som ikkje har bestilt på førehand. Har du forhåndsbestilt? Da er selve overnattingen allerede betalt.

Husk å laste ned appen før du drar på tur! Appen fungerer også uten dekning. For best offline‑funksjon bør du åpne appen før turen.

Les mer om DNT‑appen på dnt.no: https://www.dnt.no/hytter/om-dnt-hyttene/dnt-appen/

Du kan og betale via vipps 106547eller via bankbetaling

Bankbetaling

Kontonummer: 3785 2006 162

IBAN: NO58 3785 2006 162

Swift: LUSKNO21XXX

Prisar for overnatting

På Austerdalshytta betaler du for heile rommet. Hugs å registrer tal senger som er i bruk.

DNT medlemar: 400,- pr. rom pr. natt

Ikkje medlemar: 800,- pr. rom pr. natt

Dagsbesøk ved bruk av straum og ved: kr. 50,-/100,-

Bestill overnatting