Kollsetestølen
Velkommen på hyttetur til den familievennlege hytta Kollsetestølen i Sogndalsdalen. Her er det turterreng for store og små, og flotte områder å utforske naturen!
Beliggenhet
Kollsetestølen ligg på vestsida av Sogndalsdalen i nærleiken av Sogndal Skisenter. Om lag 10-15 minutter køyring frå Sogndal, i gamle Sogn og Fjordane. I utgangspunktet kan ein nytte hytta heile året, men vinterstid kan det være så mykje snø at det ikkje er mulig å bruke den. Forholdene kan sjekkes med ein forespørsel til Sogndal Turlag! Merk at det er forskjellige ankomstveger om ein nytter hytta på vinterstid eller sommerstid.
Ankomst
Me tilrår å gå til Kollsetehytta frå Rindabotn. Det er to alternativ; det eine er å starta frå Stedjekampen (den nye brua), det andre er å starta frå Fosskampen (den gamle brua). Turskildring finn du under "lenker".
Rom
Hytta er relativt romslig med gang, bod/vaskerom og stove med spisebord og sofagruppe. Til oppvarming er det ein vedovn. Det er tre soverom pluss ein hems i frå stova (6 sengeplassar + 2 på hemsen).
Utstyr
Hytta på Kollsetestølen er ei tradisjonell hytte med enkelt kjøkken og stor stove. Hytta har ikkje innlagt vatn eller straum. Kjøkkenet er utstyrt med gassbluss og det ein treng for å lage og servere mat. Mat og lakenpose må du ta med sjølv. Det er god mobildekning i og rundt hytta.
Vatn
Drikkevatn hentes i elva som renn på sørvestsida av hytta, enkleste tilkost til elva er å følge sti opp til nabohytta og gå ned til elva der.
Hund
Hunder skal ikkje inn i hytta.
Naturvern
Hugs alltid sporlaus ferdsel, og lukk grinder etter deg.
Bestilling og betaling
Hytta er tilgjengeleg for bestilling, og du er ein garantert plass når du fyrst reiser innover. Sjå prisliste under. Bestilling gjerast ved å klikke på bestilling her på sida.
DNT-medlemskap
Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!
Aktivitetar
Hytta ligg i eit område med fantastisk kulturlandskap. Det er fint turterreng rett utforbi hytta, og oversiktlig for unger å leike på. På vinterstid er det ikkje langt bort til skiløypene i Hodlekve, og alpinbakken!
________________________________________
Prisane for bruk av hytta:
Medlem DNT-ST/Ikkje medlem
Dagsbesøk med bruk av ved/gass kr. 50,-/kr. 100.-
Overnatting vaksne kr. /kr. 250,-/450
Overnatting ungdom 13-26 år kr. 150,-/250
Overnatting, born under 4-12 år kr gratis/100
Overnatting born, 0-4 år (saman med føresette) gratis
Betal gjerne med giro til kontonr.: 3785.13.99373 eller VIPPS: 99206