Vilkår for Kaldavasshytta
Vilkår for bruk av DNT sine sjølv- og ubetente hytter: På Voss Utferdslag sine hytter kan ein førehandsbestille sengeplass. Merk at det også alltid er plass til gjester som kjem utan å ha reservert. Skuleklasser og liknande grupper tinger plass ved å kontakta voss.utferdslag@dnt.no AVBESTILLING Fri avbestilling for alle bestillingar inntil 5 dagar før ankomst utan kostnad Gjester avbestiller sjølv ved å logga inn på “Min side”: https://my-page.visbook.com/8755/login?lang=en (Døme: Opphald fredag må seinast avbestillast sundag kl. 23:59) Avbestillingar 0- 4 dager før ankomst vert belasta fullt Avbestillingar 0-4 dager må meldast til voss.utferdslag@dnt.no så snart som mogleg. ANKOMST PÅ HYTTA INNAN KL. 19.00 For å gjera krav på senga du har bestilt må du møta opp innan kl. 19.00 den dagen bestillinga gjeld. Etter kl 19.00 blir alle senger tilgjengelege for gjester som ikkje har bestilt. Ved ankomst etter kl 19.00 kan ein nytta øvrige ledige senger eller madrass på golv om senga du har bestilt er oppteken. Du må ha med kvittering som viser kva hytte, døgn, og seng du har bestilt. Du må rydda og vaska deg ut av rom og eventuelt hytte innen kl 12.00 avreisedag. SKRIV DEG INN I PROTOKOLLEN Når ein kjem til hytta må alle skrive seg inn i besøksprotokollen også dei som har bestilt på førehand. Ved å godkjenne disse vilkårene bekrefter du å ha lest denne informasjonen.PROVIANT ----------------------------------------------------- PERSONVERN Me lagrar desse personlege opplysningane når du bestiller overnatting: - Fullt namn, adresse, epost-adresse, telefonnummer Me lagarar opplysningar om deg i henhold til gjeldande GDPR-regelverk. Me lagarar også informasjon om kva hytte/seng du har bestilt, tidspunkt for besøket ditt, totalt antal personar, samt kva priskategori dei ulike personane i fylgjet er registrert med. Grunnen til at me lagrar denne informasjonen er firedelt: 1. For at me skal ha høve til å ha dialog med deg i samband med bestillinga du har gjort. 2. For at du skal kunne logga deg på for å avbestilla opphaldet sjølv. 3. For at du slepp å oppgje opplysningar på nytt ved seinare bestillingar. Neste gong oppgjev du telefonnummer eller epostadresse, loggar deg inn og resterande opplysningar er ferdigutfylt. 4. Ved leiteaksjonar/nød kan me bistå leitemannskap om kven som er eller har vore på hyttene utan å måtte oppsøke hytta og hytteprotokoll, noe som raskt kan gji verdifulle opplysningar om sakna personar. Du kan når som helst logge deg på vårt bestillingssystem for å sjå kva data me har lagra om deg. Disse dataene kan du også laste ned. Du kan også velgja å sletta all data me har lagra om deg. Voss Utferdslag ynskjer deg ein feiande flott tur!