Longevasshytta
Beliggenhet
Hytta ligg inst ved Naustavassdraget, mellom Inste Longevatnet og Vassvendevatnet. Hytta ligg midt i det vakre Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde som strekk seg frå 60 meter over havet til 1572 meter over havet med frodige dalar, brear og steile fjell, fiskevatn og fossar.
Du kjem deg på merka sti til hytta frå fleire startpunkt, sjå ankomstinformasjon.
Rom
Hytta har 11 sengeplassar, sovasofa og stor hems med oppreidde madrasser. Det har overnatta 25-30 personar samtidig i hytta.
Utedo i eige bygg skal nyttast om sommaren, om vinteren kan ein nytte snurredo inne i hytta.
Utstyr
Longevasshytta er sjølvbetent, med eit avgrensa matlager som kan nyttast mot betaling.
Hytta er utstyrt med solcellepanel, gasskomfyr og vedomn. Det er kjøkkenutstyr, kjelar, steikepanne, bestikk og servise til å mette mange.
Det er dyner og puter i alle sengene, men ein må ta med eige sengetøy eller sovepose. Enkelt reingjeringsutrustning og tørkestativ finst på hytta.
Vatn
Det er tilgang på vatn i hytta. Dersom vatnet ikkje er kopla til finn du vatn i elva nordvest for hytta.
Hund
Hund skal ikkje inn i hovudhytta. Uthuset har hundebur og to "køyer" som hundeeigarar kan nytte, krev gjerne litt rydding.
Naturvern
Me ber om at de går på merka sti når de går på tur kring Longevasshytta for å spare terrenget rundt. Hugs at du befinner deg i Naustdal- Gjengedal Verneområde, og la fuglar og dyr vera i fred. Hugs alltid sporlaus ferdsel.
Bestilling og betaling
Du kan bestille overnatting digitalt via den grøne “Hyttebestilling”‑knappen. Når du har førehandsbestilt, har du tilgang til senga di fram til kl. 19.00 på ankomstdagen. Kjem du etter kl. 19.00, gjeld førehandsbetalinga likevel – men du vel blant sengene som framleis er ledige.
Det er alltid mogleg å overnatte utan bestilling. Spontane besøk betaler du enkelt i DNT‑appen. Her betalar du òg for proviant og evt. dagsbesøk.
Om du ikkje har dekning: legg inn varer og overnatting i appen og betal så snart du får dekning igjen.
Om du ikkje har appen enno: noter ned det du tek med deg, last ned appen når du får dekning, og betal då
Vipps og kontonummer finst som alternativ – sjå oppslag på hytta.
Hugs å skriv deg i hytteprotokollen. Det er først når du har skrive deg inn i protokollen, at du har rettar på hytta.
Drift og tilsyn skjer på dugnad. Dersom du har spørsmål, ta kontakt, tlf: 413 37 213 eller til indresunnfjord@dnt.no
DNT- medlemskap
Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!
Aktivitetar
Det ligg kano ved Vassvendevatnet (eller under hytta). Ved Inste Longevatnet finn du båt. Den ligg enten fortøyd på stranda eller vinterlagra i naustet. Bruk redningsvestar! Det er merka sti vidare frå utedoen ned til naustet, vestover. Inne i hytta kan du finne kortstokkar og spel.
Fiske: Der er fleire vassdrag og mange små og store vatn i og rundt Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Dei fleste av desse er gode fiskevatn med fine bestandar av aure. Heile området er i privat eige, og dei aller fleste grunneigarlaga sel fiskekort for sitt område.
Mobilforhold
På eller rundt Longevasshytta er det ikkje mobildekning.
På GPS finn du hytta her: UTM 32V 0354094 6835669
____________
Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.