Longevasshytta
Beliggenhet
Hytta ligg inst ved Naustavassdraget, mellom Inste Longevatnet og Vassvendevatnet. Hytta ligg midt i det vakre Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde som strekk seg frå 60 meter over havet til 1572 meter over havet med frodige dalar, brear og steile fjell, fiskevatn og fossar.
Du kjem deg på merka sti til hytta frå fleire startpunkt, sjå ankomstinformasjon.
Rom
Hytta har 11 sengeplassar, sovasofa og stor hems med oppreidde madrasser. Det har overnatta 25-30 personar samtidig i hytta.
Utstyr
Longevasshytta er sjølvbetjent, det vil seie at der er eit avgrensa matlager som turgåarar kan nytte seg av mot betaling. Der er rikeleg med dyner og madrasser. Hytta har spisebord med plass til mange personar.
Vatn
Det er vatn i elva nordvest for hytta, om ikkje vatnet er kobla til.
Hund
Hund skal ikkje inn i hovudhytta. Uthuset har hundebur og to “køyer” som hundeeigarar kan nytte, krev gjerne litt rydding.
Naturvern
Me ber om at de går på merka sti når de går på tur kring Longevasshytta for å spare terrenget rundt. Hugs at du befinner deg i Naustdal- Gjengedal Verneområde, og la fuglar og dyr vera i fred. Hugs alltid sporlaus ferdsel.
Bestilling og betaling
På denne hytta kan du bestille overnatting digitalt (grøn knapp). Då har du førehands tilgang til bestilt sengeplass fram til kl 19.00 på ankomst dag. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vera moglegheit for overnatting . Spontane besøk kan betalast på vipps eller til kontonummer, betalingsinfo finn du på hytta eller i lenka for prisinformasjon.
Hugs å skriv deg i hytteprotokollen. Det er først når du har skrive deg inn i protokollen, at du har rettar på hytta.
Spørsmål om bestilling eller skal du på tur med skuleklassen? Ta kontakt på tlf: 413 37 213 eller indresunnfjord@dnt.no.
DNT- medlemskap
Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!
Aktivitetar
Det ligg kano ved Vassvendevatnet (eller under hytta). Ved Inste Longevatnet finn du båt. Den ligg enten fortøyd på stranda eller vinterlagra i naustet. Bruk redningsvestar! Det er merka sti vidare frå utedoen ned til naustet, vestover. Inne i hytta kan du finne kortstokkar og spel.
Fiske: Der er fleire vassdrag og mange små og store vatn i og rundt Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Dei fleste av desse er gode fiskevatn med fine bestandar av aure. Heile området er i privat eige, og dei aller fleste grunneigarlaga sel fiskekort for sitt område.
Mobilforhold
På eller rundt Longevasshytta er det ikkje mobildekning.
På GPS finn du hytta her: UTM 32V 0354094 6835669
____________
Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.
...