Grøssete
Beliggenhet
Grøssete ligg på ein gamal seter på austida av dalavatnet i Sogndalsdalen.
Rom
Hytta er eit ombygd lite setersel, som vart opna i 2001. Hytta har fem sengeplassar, eit soverom med 4 senger og ein sengebenk i stova, i tillegg kan inntil to personar liggje på golvet, me har madrassar til det.
Utstyr
Grøssete er utstyrt med det du treng for ein enkel overnatting (koketopp, dyner og pute, ullpledd, kjeler, steikepanne, koppar og bestikk), men du må ta med alt av mat og lakenpose sjølv.
Vatn
Vatn finn du i bekken attmed hytta om sommaren, og snø om vinteren.
Hund
Hunden må sove i vedskjulet og kan ikkje være inne i hytta.
Naturvern
Hugs alltid sporlaus ferdsel og vis respekt mot beitedyr.
Bestilling og betaling
Hytta må bestillast via hyttebestilling.
Du kan ogs betale via vipps eller bankkonto. Sjå prisar under.
DNT-medlemskap
Hytta er låst, så hugs DNTs standardnøkkel, kan lånast mot depositum hjå Intersport i Sogningen.
Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!
_________
Prisane for bruk av hytta er:
Medlem DNT-ST/Ikkje medlem
Dagsbesøk med bruk av ved/gass kr. 50,-/kr. 100.-
Overnatting vaksne kr. /kr. 250,-/450
Overnatting ungdom 13-26 år kr. 150,-/250
Overnatting, born under 4-12 år kr gratis/100
Overnatting born, 0-4 år (saman med føresette) gratis
Betal gjerne med giro til kontonr.: 3785.13.99373 eller VIPPS: 99206
Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.