Gjegnabu
Gjegnabu er ei spektakulær hytte som ligg høgt og fritt i eit spesielt landskap.
OBS: Hytta er vinterstengt grunna vedlikehald, men er open som nødbu.
Beliggenhet
Gjegnabu ligg høgt og fritt på nesten 1200 moh. med utsikt mot det store og sjølvstendige fjellet Gjegnen/Blånibba (1670 moh.) i nord. Arkitekten for hytta lot seg inspirere av dei spisse og kanta formane i landskapet då han teikna denne pyramideforma hytta. I 2020 kunne Flora Turlag feire 30-årsjubileum for hytta som ligg i Ålfotbreen Landskapsvernområde. Last ned kartet på ut.no før du går – det er lite eller ingen dekning på vei opp. På Gjegnabu er det ikkje mobildekning – på rute opp når du er kommen opp i ca 1 200 ligg ein stor stein med varde oppå – på venstre side av stien. I det området kan ein finne dekning.
Rom
Buforma iglo har vore i tankane ettersom heile hytta berre er eitt stort rom med ein imponerande sengebrisk langs eine veggen. Hyttta med den finaste utsikt frå “doen”. Der døra er open når det er opptatt og lukka når der er ledig.
Utstyr og vatn
Du finn utstyr du treng for overnatting og matlaging på hytta. Som kopper, kar, bestikk og dyne/pute. Du finn vatn i nærheiten av hytta.
Hund
Det er ikkje tillatt å ha hund inne i hytta.
Bestilling og betaling
På denne hytta kan du bestille overnatting. Då har du førehands tilgang til bestilt sengeplass fram til kl 21.00 på ankomst dag. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vera moglegheit for overnatting . Hugs å skriv deg inn i hytteprotokollen. Betal dersom du ikkje har bestilt og betalt på førehand. Betalingsinfo finn du på hytta.
Treng du å avbestille? Følg denne lenka. Du skal ha fått lenka i bekreftinga når du booka.
Har du spørsmål eller vil du booke heile hytta? Ta kontakt med Dag eller Astrid Eliassen på 977 38 273 / 415 49 299 eller mail: dag@dageliassen.no / astrid.eliassen@heimtun.org
Naturvern
Hytta som ligg i Ålfotbreen Landskapsvernområde. Gjegnabu ligg i rutenettet «Frå hav til bre» (frå Årebrot i Flora til Hyen i Gloppen). Hugs alltid sporlaus ferdsel, og lukk grinder etter deg.
DNT-medlemskap
Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!
Aktivitetar
Frå hytta er det òg kort veg opp på Ålfotbreen. Husk at breturar krev riktig utstyr og kunnskap! Her er to turforslag:
Turen Hope – Gjegnabu
Turen Gjegnabu – Gjegnet
Historie og anna
Gjegnabu er ei spektakulær hytte som ligg høgt og fritt i eit spesielt landskap. Denne omtalen samt tekst og film er henta frå nettsida til Ålf otbreen Landskapsvernområde. Har du vert der? Tenk om sola skin!
Mediaelevar frå Firda vidareåpande skule har laga ein informasjonsfilm om Ålfotbreen landskapsvernområde: Iver Heen Ask, og Sondre Utheim, kanskje mest kjend for den flotte filmen “Prosjekt Gloppen”, har på oppdrag frå verneområdestyret laga ein informasjonsfilm om Ålfotbreen landskapsvernområde. Filmen er omlag 10 minuttar lang, og tek føre seg kvifor området er verna, kva som fins her og friluftsliv i landskapsvernområdet. Og sjølvsagt er det mange flotte bilete frå dette vakre området! Filmen kan de sjå her.
Korleis vart det unike landskapet og dei høge fjella i Ålfotbreen landskapsvernområde til?
Film som viser dei geologiske prosessane som har skapt det unike landskapet og dei høge fjella i det som i dag er Ålfotbreen landskapsvernområde kan de sjå her.
...