Vetledalseter
Beliggenhet
Vetledalseter ligger øverst i Erdalen Stryn og blei opna som DNT-hytte sommaren 2011. Den er sett i stand av Indre Nordfjord Turlag og er eit flott utgangspunkt for turer mot Vetledalsbreen, mot Infimus som ligg lengst inn mot brevatnet til Erdalsbreen. Turen inn til hytta frå Erdalen passar godt for barnefamilie, og tar ca 1 times tid.
Nøkkel heng på høgre side av døra.
Rom
Hytta har ei stove, kjøkken og hems. I tillegg til dei seks sengeplassane finn du fire ekstra madrassar på hytta.
Utstyr
Hytta på Vetledalssetra er ei tradisjonell hytte med enkelt kjøkken og stor stove. Hytta har ikkje innlagt vatn eller straum. Kjøkkenet er utstyrt med gassbluss og det ein treng for å lage og servere mat. Lakenpose må du ta med sjølv. Stor vedomn i stova til oppvarming.
Vatn
Drikkevatn hentes i elva som renn i nærleiken av hytta.
Hund
Hunder skal ikkje inn i hytta.
Naturvern
Hugs alltid sporlaus ferdsel, og lukk grinder etter deg.
Bestilling og betaling
Du betaler for opphaldet ditt via Vipps eller bank. Hytta kan ikkje bestillast på førehand.
DNT-medlemskap
Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!
Aktivitetar
For dei som er vande på bre er det flott utgangspunkt frå hytta, mot Vetledalsbreen og over til Slæum og Sota Seter, eller gå over breen mot Jostedalen. Eit flott utgangspunkt også for ein tur på Strynekåpa.
Om ein overnattar er det fint å ta ein tur mot Infimus . Turen frå Vetledalssetra og inn til Infimus tar ca. 1 time.
Dette turmålet er merket med støtte fra vår Turpartner Norsk Tipping — tusen takk!