Stien frå Hjelle til Gravdalen kan vere krevjande på vinterstid då det er bratt og det kan vere mykje is. Skal du gå denne ruta om hausten/vinteren må du sjølv vurdere forholda og ha med nødvendig utstyr. Gode broddar eller stegjern er ofte nødvendig.
1/10
mainImage

Gravdalen

Årdal Turlag
Ubetjent
Låst med DNT-nøkkel
Jotunheimen
Åpen hele året
Tilrettelagt for hund

Beliggenhet

På den idylliske stølen Gravdalen i Årdal finn du dei tre sela til Årdal Turlag. Sela er låst med DNT-nøkkel og er tilgjengelege heile året som ubetjente DNT-hytter. Stølen ligg fint til 850 moh, i sørenden av Gravdalen, ein sidedal til Utladalen i Årdal. Lenger inne i dalen, såvidt synleg frå stølen ligg Austanbotntind saman med Ringstindane og Stølsmaradalstind. Frå stølen har du og fin utsikt mot Falketind og Hjelledalstind på andre sida av Utladalen.

Til Gravdalen kjem du lettast frå Hjelle i Utladalen. Følg grusvegen mot Vetti forbi brua (Avdalsbrui). Der tek du av på sti til Avdalen Gard og vidare oppover til Gravdalen. Dette er ein middels tung fottur som normalt tek 2-3 timar.

NB! Stien frå Hjelle til Gravdalen kan vere krevjande på vinterstid då det er bratt og det kan vere mykje is. Skal du gå denne ruta om hausten/vinteren må du sjølv vurdere forholda og ha med nødvendig utstyr. Gode broddar eller stegjern er ofte nødvendig.

NB! Dersom du går ruta frå skihytta i Fardalen via Åsetvatnet til Gravdalen må du no belage deg på å vasse elva, då brua ved stølen vart teken av flaum i vinter. Dette påverkar ikkje ruta frå Hjelle.


Rom

Svalheimsselet: 4 senger, vedovn, koppar, fat og bestikk, gass med kokeutstyr.
Trondteigsselet: 4 senger, vedovn, koppar, fat og bestikk, men ikkje kokeutstyr.
Avdalsselet: 4 senger, vedovn, koppar, fat og bestikk, gass med kokeutstyr.

Sengene i Svalheimsselet og Trondteigselet kan bestillast på førehand. Sengene i Avdalsselet er kun tilgjengeleg som drop-in.

Det er lov å ha med hund på hyttene, men det er ikkje tilrettelagt med hundebur.

Utstyr

Du må ha med DNT- nøkkel og eigen lakenpose/sovepose.

Det er utstyr på hyttene til å koke opp vatn, lage middag og servering, men du må ha med eigen mat. NB! Det er ikkje gass/kokeutstyr i Trondteigsselet, men gassbluss i Avdalsselet kan brukast ved behov.

Vatn finn du i den store elva litt nedanfor hytta. Det er ikkje matlager på hyttene.
Felles utedo for alle tre sela.
Det er ikkje straum på hyttene.

Naturvern

Hytta ligg i Utladalen landskapsvernområde, og du skal som alltid praktisere sporlaus ferdsel.

Bestilling og betaling

Sengene i Svalheimsselet og Trondteigsselet kan førehandsbestillast. Dei fire sengeplassane i Avdalsselet kan ikkje bestillast på førehand.

DNT –medlemskap

Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT og få medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

Prisar:

Vaksen DNT medlem - NOK 250,-
Vaksen ikkje medlem - NOK 350,-
Ungdom (13-26) NOK 150,-
Barn under 13 år - gratis

Bestill overnatting