Blåbrebu

Ubetjent
Flora Turlag
Ulåst
Fjordane
26. sep. - 29. aug.
14 sengeplasser

Velkommen til Blåbrebu! “Noregs våtaste turisthytte” ligg 800 meter over havet i fjellet nord for Grøndalen i Kinn kommune. Denne litt artige kommentaren samt tekst og film er henta frå nettsida til Ålfotbreen Landskapsvernområde.

Beliggenhet

Blåbrebu ligg på ei av dei mange hyllene som pregar dei særprega hylleformasjonane i terrenget ved Blåbrebu. Fjellområdet er spesielt spanande på grunn av berggrunnen: ein raudleg sandstein frå den geologiske perioden kalla devon som gjev særs høg friksjon.

Last gjerne ned turen på ut.no før du går. Det er lite eller ingen dekning på turen.

Rom

Hytta har 14 sengeplasser fordelt på tre rom.

Utstyr og vatn

Hytta har ikkje innlagt vatn, og litt straum frå solcelle. Kjøkkenet er utstyrt med gassbluss og det ein treng for å lage og servere mat. Lakenpose og mat må du ta med sjølv. Vatn finn du på anvist plass nedanfor hytta.

Hund

Av hensyn til dei med allergi har ikkje hunder adgang til hovedhytta – soverom og fellesrom. Skringsbua er det plass for hunder.

Bestilling og betaling

På denne hytta kan du bestille overnatting digitalt. Då har du førehands tilgang til bestilt sengeplass fram til kl 21.00 på ankomst dag. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vera moglegheit for overnatting . Hugs å skriv deg inn i hytteprotokollen. Betal dersom du ikkje har bestilt og betalt på førehand. Betalingsinfo finn du på hytta.

Treng du å avbestille? Følg denne lenka. Du skal ha fått lenka i bekreftinga når du booka.

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Stig Solheim på
mobil 990 95 114 eller mail: solheim.stig@online.no.

Hyttene er stengt i tidsrommet 30.08 til 25.09 grunna jakt.

DNT –medlemskap

Vi har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også. Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

Naturvern

Blåbrebu ligg i Ålfotbreen Landskapsvernområde. Hugs alltid sporlaus ferdsel, lukk grinder og hugs båndtvang.

Komme seg hit

Tidleg på sommaren kan Ura som vi må passere vere meir synlig. Og selvfølgelig litt verre å gå i. Ura kan bli endevendt av snø og flom på vinteren. Her er det berre å ta det med ro, sjå kartbilde. Frå hytta er det òg kort veg opp på Ålfotbreen. Husk at breturar krev riktig utstyr og kunnskap!

For å komme seg til hytta:

Grøndalen – Blåbrebu fottur

Grøndalen til Blåbrebu Ski

Historie og anna

Gamle Blåbrebu er sikringshytte og bygd i 1985. Mediaelevar frå Firda vidareåpande skule har laga ein informasjonsfilm om Ålfotbreen landskapsvernområde: Iver Heen Ask, og Sondre Utheim, kanskje mest kjend for den flotte filmen “Prosjekt Gloppen”, har på oppdrag frå verneområdestyret laga ein informasjonsfilm om Ålfotbreen landskapsvernområde. Filmen er omlag 10 minuttar lang, og tek føre seg kvifor området er verna, kva som fins her og friluftsliv i landskapsvernområdet. Og sjølvsagt er det mange flotte bilete frå dette vakre området!

Filmen kan de sjå her.

Korleis vart det unike landskapet og dei høge fjella i Ålfotbreen landskapsvernområde til?

Film som viser dei geologiske prosessane som har skapt det unike landskapet og dei høge fjella i det som i dag er Ålfotbreen landskapsvernområde kan de sjå her.

...
Show more

Bestill overnatting

Velg dato og antall personer for å bestille overnatting

Blåbrebu, Rom 1, Køyeseng 1 (oppe)


Blåbrebu, Rom 1, Køyeseng 2 (nede)


Blåbrebu, Rom 1, Køyeseng 3 (oppe)


Blåbrebu, Rom 1, Køyeseng 4 (nede)


Blåbrebu, Rom 2, Køyeseng 1 (oppe)


Blåbrebu, Rom 2, Køyeseng 2 (nede)


Blåbrebu, Rom 2, Køyeseng 3 (oppe)


Blåbrebu, Rom 2, Køyeseng 4 (nede)


Blåbrebu, Rom 3, Køyeseng 1 (oppe)


Blåbrebu, Rom 3, Køyeseng 2 (nede)


Blåbrebu, Rom 3, Køyeseng 3 (oppe)


Blåbrebu, Sikringsbu, Køyeseng 1 (oppe)


Blåbrebu, Rom 3, Køyeseng 4 (nede)


Blåbrebu, Sikringsbu, Køyeseng 2 (nede)


Blåbrebu, Sikringsbu, Køyeseng 3 (oppe)


Blåbrebu, Sikringsbu, Køyeseng 4 (nede)


Blåbrebu, Sikringsbu, Køyeseng 5 (oppe)


Blåbrebu, Sikringsbu, Køyeseng 6 (nede)


Blåbrebu, Stue, Køyeseng 1 (oppe)


Blåbrebu, Stue, Køyeseng 2 (nede)

Bestill overnatting