Geiterygghytta
Geiterygghytta ligg i 1224 meters høgde midt i Skarvheimen, fjellområdet mellom Hardangervidda og Jotunheimen. Naturen er storslått, vill og vakker. DNT har eit svært godt utbygd rutenett i området. Geiterygghytta, opna så tidleg som i 1914, er eit viktig knutepunkt for rutene frå Hol, Aurland, Finse og Hallingskeid.
Bestille opphald
Opphald på Geiterygghytta bestiller du i vår online booking. Informasjon og lenke til booking finn du her.
Opningstider
Du kan sjå opningstider lenger opp på sida, eller på heimesida til Geiterygghytta.
Turmulegheiter
Med Geiteryggshytta som utgangspunkt kan du velge og vrake i turmål «på øvste hylle», og mange startar turen ned Aurlandsdalen herifrå. Kanskje får du besøk av både fjellrev og reinsdyr på turen. Med berre 3 km spasertur langs grusveg, er hytta lett tilgjengeleg for både store og små. For barnefamiliar og andre som ønsker å gå kortare turar, er det oppmerka turstigar og løyper i nærområdet. For deg som likar langturar, ligger DNTs godt merka rute- og løypenett og ventar.
Geiterygghytta er ei av hyttene langs Massiv-ruta.
Aurlandsdalen – Turen ned Aurlandsdalen er ein av landets mest populære og omtalte fotturar. Her får du oppleve dramstisk og imponerande vestlandsnatur. DNT arrangerer også fellesturar til Geiteryggshytta/Aurlandsdalen.
Les meir om turar og aktivitetar på Geiterygghytta og i området rundt.
Kontaktinformasjon
Vertskap: Torill Opedal Hauge og Kjetil Hauge
Tlf.: +47 90601453
E-post: geiteryggen@dnt.no
Medlemskort
Hugs å ha med gyldig medlemsbevis.
Fasilitetar
Hytta har 88 senger. Det er 44 senger i hovedbygningen, fordelt på 2-, familie-, 4- og 8- sengsrom. 44 senger i 4-sengs alkover i annekset. Det er tørkerom, toalett og dusj både i hovudhytta og i annekset.
Skuleklasser og liknande grupper
Geiterygghytta tek gjerne i mot skuleklasser. For besøk med skuleklasse må de bestille plass på hytta ved å kontakte oss på epost geiteryggen@dnt.no
På hytta fins det naturfaglege bøker, barne- og ungdomsbøker og spel. Det fins også noko enkelt utstyr for uteaktivitetar som ballar, bocca og kubb. I tillegg er det lavvo, fiskestenger, båt og kano med vestar. Eit stort turkart viser turmulegheiter ved hytta.
Før turstart er det viktig å gjere eit godt førearbeid med turplanlegging i samarbeid med elevane.
Vertskapet er godt kjende rundt hytta og hjelper gjerne med informasjon om turmulegheiter, aktuelle aktivitetsstader og anna praktisk informasjon.
Villrein
Hytta ligger i et av Norges 24 villreinområder. Hvis du vil vite mer om villreinens bruk av fjellet og hvordan du kan ta hensyn til villreinen, kan du lese om det på dnt.no/villrein . Her kan du også lese om hvordan DNT arbeider med villrein og ferdsel.
Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.
...