1/24
mainImage

Fivla

Luster Turlag
Ubetjent
Breheimen med Jostedalsbreen
Åpen hele året
24 sengeplasser

Beliggenhet

Fivla ligg fint til over skoggrensa på ruta mellom Vigdalsstølen og Navarsete i Breheimen. Rett over ligg utsiktstoppen Fivlenosi (1466 moh.) der ein har heile Jotunheimen og mykje av Breheimen framfor seg.  Vanlegvis held skiføret seg fram mot 1. mai. 

Begge hyttene står ulåste og kan brukast heile året.

Rom

Fjellstølen består av to hus med 12 senger i kvart, pluss ein del madrasser. Hytta egner seg godt til skuleklassar.

Utstyr 

Kjøkkenet er utstyrt med gassbluss og det ein treng for å lage og servere mat. Lakenpose og mat må du ta med sjølv.

Vatn

Du finn vatn i elva litt bortanfor hyttene

Hund 

Hunden skal ikkje inn i hytta.

Naturvern

Hugs alltid sporlaus ferdsel

Prisar for overnatting og dagsbesøk (medlem/ikkje medlem)

Dagsbesøk: 40,-/80,-

Overnatting vaksne kr. 315,-/450,-

Overnatting ungdom 13-26 år kr. 165/kr. 450,-

Overnatting born 4-12år kr.50/ kr. 220,-

Overnatting born 0-3år kr. Gratis /Gratis

Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og generell slitasje.

Viss man ikkje har booket på førehand betaler man for opphaldet via bank eller vipps: 106547.

DNT –medlemskap 

Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

Aktivitetar

Det er fint å gå på fottur eller skitur på Fivlenosi, eller Buskrednosi

Historie og anna

Fivla er ein gamal fjellstøl som vart nytta av gardar på Høyheimsvik og Nes heilt nede ved Lustrafjorden. 

______________________

NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg, og hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at dørene er stengde som når du kom! Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris.  

Kontaktperson Fivla: Nils Oma mob. +47 952 26 727. e-post: nils.oma@lusterenergiverk.no

Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

Bestill overnatting