Torfinnsheim
Om Torfinnsheim
Torfinnsheim er ei ubetjent hytte som er ope heile året. Hytta ligg vakkert til i høgfjellsterrenget på Gråsida og er eit ideelt utgangspunkt for både korte og lange dagsturar. Kortaste ruta til Torfinnsheim er frå Hodnaberg, som er 2 km og ca 280 høgdemeter.
Lokasjon
Torfinnsheim ligg i vestenden av Gråsidefjellet i den sørlege delen av Voss. Hytta ligg på 892 m.o.h. og er plassert rett ved Torfinnsvatnet.
Om hytta
Her finn du tre bygningar: ei hovudhytte, utedo og ei naudbu. Hovudhytta er stor med god plass og høver godt for større grupper/skuleklassar.
- Tal på senger: 28 senger fordelt på seks soverom.
- Tal på senger som er mogleg å førehandsbestille: 24 senger fordelt på fem soverom
Fasilitetar på hytta
Hytta har eit stort opphaldsrom, kjøkken og seks soverom.
- Senger: Sengene har puter og dyner. Ta med eigen lakenpose/sovepose.
- Hytta har straum til matlaging
- Godt utstyrt kjøkken med kjøleskåp og komfyr
- Straum og vedomn til oppvarming
- Hytta har ikkje proviant, fyrstehjelpsutstyr eller såpe til personleg hygiene.
- Vatn: Hytta har innlagt vatn.
- Hund: Det er mogleg å ha hund inne i vedboden. Ver merksam på at hunden ikkje skal vera inne på kjøkken, stove eller soverom. Målet på hundeburet er LxBxH 90x55x62 cm
- Me oppfordrar alle til å ta med søppelet sitt heim.
- Ulåst hytte
Aktivitetar/turforslag
Hodnaberg – Torfinnsheim: Frå Hodnaberg går T-merka sti fram til hytta, gangtid ein god time.
Torfinnsheim – Gråsida/Nansenbu
Torfinnsheim – Vendig: Om sommarsdagen er det og T-merka sti til Vending.
Transport til startpunkt
Sjå www.entur.no for moglegheitene du har for å reisa kollektivt til Hodnaberg.
Medlemskap
Som medlem i DNT får du rabatt på overnatting på 550 DNT-hytter, turar og kurs m.m. Merk! Born frå 0 -12 år som er medlem får gratis overnatting på DNT hytter. Bli medlem her
Historie
Torfinnsheim var brakkeby ved reguleringa i område og Voss Utferdslag fekk kjøpa hytta hjå BKK i 1956.
Aktuelle kart:
Norge-serien: Voss 10038
Anna informasjon
- Ruta over Gråsida, via Torfinnsheim blir kvista rett før påske.
Gruppebestillingar
15. - 16. august 2025: Mange frivillige overnattar i samband med arrangementet Vossamarsjen.
Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping