Grindaflethytta
Om Grindaflet
Grindaflethytta er ei sjølvbetjeningshytte som er ope heile året. Hytta ligg i eit fantastisk fjellområde mellom Raundalen og Sognefjorden. Du kan ta toget til startpunkta for stiane frå Ljosandbotn og Upsete. Det er lite som slår kombinasjonen av tog og fjelltur – naturen kjem tett på under heile reisa.
Kortaste ruta til Grindaflethytta er frå Fyre (nær Stalheim). Ruta er om lag 15 km og 900 høgdemeter.
Beste ruta i påsken
Det er lite snø på Fyre og ein må gå minimum 3 km på beina før ein kan ta på skia. Beste og mest snørike alternativet er å gå frå Ljosandbotn til Grindaflethytta. NB! Det vert ikkje kvisting av vinterrruta i 2025
Merknad vinter
Snømengdene og vindretninga varierer frå år til år og gjennom sesongen. Nokre gonger legg det seg mykje/ ein del snø framfor rømningsvegar og inngangsparti. Ver budd på å bruka tid på å spa fram rømningsvegar og inngangsdører.
Lokasjon
Grindaflethytta ligg flott til ved Grindafletvatni, 1086 m.o.h. Ved Grindaflet er terrenget rundt ypparleg til dagsturar, så vel sommar som vinter. Her kan du med andre ord bli i mange dagar!
Om hytta
Grindaflet har ei hovudhytte og ei sikringshytte.
- Tal på senger: 14 senger ( 8 i hovudhytta og 6 i sikringshytta)
- Tal på senger som er mogleg å førehandsbestilla: 12 senger
Sengene er utstyrt med doble madrasser og det er ekstra ullteppe, slik at langt fleire kan overnatta.
Fasilitetar på hytta
Hyttene har opphaldsrom med vedomn, fullt utstyrt kjøkken og soverom med senger.
- Sengene har puter og dyner. Du må ta med eigen lakenpose/sovepose.
- Hyttene har lys frå solcelleanlegg og propananlegg til koking.
- Hyttene har proviant. Proviantlageret finn du i hovudhytta
- Vedlageret finn du i sikringshytta.
- Hund: Det er hundebur i gangen på sikringshytta. Ver merksam på at hunden ikkje skal vera inne i hovudhytta av omsyn til til dei som er allergiske.
- Det er ikkje mobildekning i hyttene, men du finn oppslag på hyttene kvar du finn dekning.
- Søppel: Me oppmodar alle å ta med seg søppelet heim.
- Hytta er ulåst
Ruter
- Frå Uppsete til Grindaflet (sommarrute)
- Frå Fyre (nær Stalheim) til Grindaflethytta (sommarrute)
- Frå Langhuso (Undredal) til Grindaflethytta (sommarrute)
- Frå Flåm (Brekke) til Grindaflethytta (sommarrute)
- Frå Fyre (nær Stalheim) til Grindaflethytta (Vinterrute. NB! Kun merka deler av vinteren)
- Frå Kårdal fjellstove (Ljosandbotnen) til Grindaflethytta (Vinterrute. NB! Kun merka deler av vinteren)
Turtips frå hytta
- Ein flott tur er til Ramsøynuten som ligg nord-vest for hytta. Dette er eit fint utsiktspunkt og tek 3-4 timar t/r. Enno meir dramatisk utsikt får ein om ein går vidare til Vindeggi. Herifrå kan ein sjå rett ned på Nærøyfjorden, Gudvangen. Tur til Flenjabrystet (nord-aust) kan ei også tilrå.
- Ein ekstra lang tur med innslag av både høgfjell, dyrvegraver, liten isbre, «turistfjordar» sett frå oven og eit spesielt kulturlandskap, er turen til garden stigen ved Aurlandsfjorden. Herifrå må ein ha båttransport.
Aktuelle kart
Norges-serien: Aurland 10047
Turkartserien: Nærøyfjorden (2006)
Rallarvegen (2010) 1:50 000 fra Nordeca
Transport til startpunkt
- Ein kan ta tog til Ljosandbotn og Upsete.
Sjå også www.entur.no for å finna bussruter frå/til Fyre og Flåm.
Medlemskap
Som medlem i DNT får du rabatt på overnatting på 550 DNT hytter, turar og kurs m.m. Bli medlem her. Merk! Born frå 0 -12 år som er medlem får gratis overnatting på DNT hytter.
Gruppebestillingar:
09. - 10. april: 16 pax
23. - 24. august: 14 pax
Denne hytta har fått stønad av Norsk Tipping