Vilkår for Volahytta
Vilkår for bruk av DNT sine sjølv- og ubetente hytter:
På Voss Utferdslag sine hytter kan ein førehandsbestille sengeplass. Merk at det også alltid er plass til gjester som kjem utan å ha reservert.
Skuleklasser og liknande grupper tinger plass ved å kontakta voss.utferdslag@dnt.no
AVBESTILLING
Fri avbestilling for alle bestillingar inntil 5 dagar før ankomst utan kostnad
Gjester avbestiller sjølv ved å logga inn på “Min side”: https://my-page.visbook.com/8755/login?lang=en
(Døme: Opphald fredag må seinast avbestillast sundag kl. 23:59)
Avbestillingar 0- 4 dager før ankomst vert belasta fullt
Avbestillingar 0-4 dager må meldast til voss.utferdslag@dnt.no så snart som mogleg.
ANKOMST PÅ HYTTA INNAN KL. 19.00
For å gjera krav på senga du har bestilt må du møta opp innan kl. 19.00 den dagen bestillinga gjeld. Etter kl 19.00 blir alle senger tilgjengelege for gjester som ikkje har bestilt. Ved ankomst etter kl 19.00 kan ein nytta øvrige ledige senger eller madrass på golv om senga du har bestilt er oppteken. Du må ha med kvittering som viser kva hytte, døgn, og seng du har bestilt.
Du må rydda og vaska deg ut av rom og eventuelt hytte innen kl 12.00 avreisedag.
SKRIV DEG INN I PROTOKOLLEN
Når ein kjem til hytta må alle skrive seg inn i besøksprotokollen også dei som har bestilt på førehand.
PROVIANT
Volahytta er utstyrt med proviant og eventuelt uttak av proviant må betalast separat. Me anbefalar å lasta ned appen «Hyttebetaling» og betala proviant via denne.
Les DNTs personvernerklæring her
Voss Utferdslag ynskjer deg ein feiande flott tur!