1/6
mainImage

Torvedalshytta

Voss Utferdslag
Selvbetjent
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossafjelli
Åpen hele året
24 sengeplasser
Tilrettelagt for hund

Tovedalshytta er ei sjølvbetjent hytte som er ope heile året. Hytta ligg i trekanten mellom Engjalandsdalen, Myrkdalen og Eksingedalen - i eit flott og variert høgfjellsområde. Dette er også eit godt utgangspunkt for flotte turar i Vossafjella eller Stølsheimen.

Kortaste ruta til Torvedalshytta er frå Gullbrå. Turen er 3,3 km og terrenget er småkupert (om lag 200 høgdemeter)

Merknad vinter
Snømengdene og vindretninga varierer frå år til år og gjennom sesongen. Nokre gonger legg det seg mykje/ ein del snø framfor rømningsvegar og inngangsparti. Ver budd på å bruka tid på å spa fram rømningsvegar og inngangsdører.

Lokasjon
Dei to hyttene ligg fint til på halvøya som går ut mot Torvedalsvatnet omlag 800 m.o.h.

Om hytta:
Her finn du ei hovudhytte, ei sikringshytte og vedbod med utedo. Hovudhytta sto ferdig i 1991. Sikringshytta er bygd i 50-åra og er eigd av Jan Erik Prestegård. Hyttene har totalt 24 sengeplassar.

Fasilitetar på hytta
Hyttene har opphaldsrom med vedomn, fullt utstyrt kjøkken og soverom/hems med senger.

  • Sengene har puter og dyner. Du må ta med eigen lakenpose/sovepose.
  • Vasskjelde: Ein finn vatn rett ved sida av hytta.
  • Hyttene har vedomn til oppvarming, lys frå solcelleanlegg og propananlegg til koking.
  • Hyttene har fullt utstyrt kjøkken
  • Hyttene har proviant.
  • Det er eit hundebur i gangen i begge hyttene. Sikringshytta skal primært nyttast når ein har hund.
  • Søppel: Me oppmodar alle å ta med seg søppelet heim.
  • Hytta er ulåst.

Ruter/ aktivitetar/turforslag:

- Engjaland - Torvedalshytta

- Gullbrå - Torvedalshytta

- Frå Torvedalshytta til Selhamar

- Frå Volahytta til Torvedalshytta

- Målset - Torvedalshytta

Naturvern
Det er eit rikt dyreliv i området. Ofte kan ein treffa på reinsdyr, hare og ryper med meir. Merk at villreinen sitt leveområde er under press, og vis ekstra omsyn rundt tida kring kalving, 15. april – 15. juni. Her kan du lesa meir om korleis du kan ta omsyn når du ferdast i et villrein-område.

Medlemskap
Som medlem i DNT får du rabatt på overnatting på 550 DNT-hytter, turar og kurs m.m. Bli medlem her. Merk! Born frå 0 -12 år som er medlem får gratis overnatting på DNT hytter.

Gruppebestillingar
22. - 23. februar 2025: 14 pers
14. - 15. mars 2025: 14 pers
22. - 23. mars 2025: 14 pers
1. - 2. juli 2025: 14 pers

Bestill overnatting