Vilkår for Nipebu

Nipebu

Vilkår for bestilling Nipebu

  • Det er fri avbestilling utan kostnad fram til 5 dagar før ankomst.

  • Avbestilling gjer du sjølv ved å logge inn på "Mi side" i bestillingssystemet der opphaldet vart bestilt.
    (Døme: Opphald fredag må seinast avbestillast innan søndag kl. 23:59.)

  • Avbestillingar som blir gjort 0–4 dagar før ankomst, blir belasta i sin heilskap.

  • Om det er aktuelt kan du ta kontakt med oss på indresunnfjord@dnt.no for å endre dato.

For å gjere krav på senga du har bestilt, må du møte opp innan kl. 19.00 den dagen bestillinga gjeld. Etter kl. 19.00 blir alle senger tilgjengelege for gjester utan bestilling. Ved sein ankomst må du nytte ledig seng, eller madrass dersom senga du har bestilt, er teken. Du må ha med kvittering som viser kva for hytte, dato og seng du har bestilt.

Du må rydde og vaske ut av rom og eventuelt hytte innan kl. 12.00 avreisedagen.

Ved ankomst til hytta skal alle skrive seg inn i besøksprotokollen – også dei som har bestilt på førehand.