1/14
mainImage

Rosethytta

Voss Utferdslag
Ubetjent
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossafjelli
Åpen hele året
10 sengeplasser

Om Rosethytta

Hytta er kun ope i sommarhalvåret, dvs frå 15. mai til 15. oktober.

Ein kan kun leiga heile hytta (dvs ikkje sengeplassar) og hytta må bestillast på førehand.

Ho er låst og du får informasjon om korleis du får nøkkelen ved bestilling. Du får kode til nøkkelboksen når du får bestillingsbekreftelsen (Ein kan ikkje nytta vanleg DNT-nøkkel)

Lokasjon

Rosethytta ligg 670 moh. på Gråsida (sørsida av vangsvatnet) med panoramautsikt over Vossevangen og fjella omkring.

Roset er eit mykje nytta turmål for lokalfolk i området. Ved start på Gjelle finn ein ei informasjonstavle med skildringa av den T-merka ruta til Roset, og stien vidare over Gråsida til Torfinnsheim og Hodnaberg. I området rundt hytta er det fine høve for kortare og lengre turar. Ei anbefaling er Gråsidetoppen.

Fasiliteter på hytta

Hytta har opphaldsrom med vedomn, godt utstyrt kjøkken og hems med 10 soveplassar.

  • Sengene er madrasser på gulvet med dyner og puter. Du må ta med eigen lakenpose/sovepose.
  • Vannkjelde: Vatn må hentast i bekk som renn like ved hytta.
  • Fullt utstyrt kjøkken med steikeovn drifta på propan, lys frå solcelleanlegg, vedomn til kos og oppvarming.
  • Ubetjente hytter: Ikkje proviantlager.
  • Søppel: All søppel må tas med heim.
  • Det er mobildekning på hytta.
  • Hund: Det er ikkje tilrettelagt for hund på denne hytta.
  • WC (biodo) i boden.
  • Ved: Merk av veden på hytta kun skal brukast til oppvarming i vedovnen (ikkje ta med deg ved ut av hytta).
  • Hytta er låst med spesialnøkkel (ikkje DNT-nøkkel). Kode til lås får ein ved bestilling av hytta.

Voss IL eig og driftar hytta

Hytta vart bygd i 1921 og er den eldste av to lagshytter som Voss IL eig og driftar. Hytta ble rehabilitert i 2011-14.

Ankomst

Hytta ligg i relativ kort avstand frå bilveg og parkering, godt eigna for bornefamiliar.

Fylg skogsvegen frå Gjelle til det flatar ut, og du finn eit bygg med ei sag. Her er det skilta og T - merka sti vidare opp lia. Deler av stien er bratt, men på toppen ventar ei storslagen utsikt over Voss og ei koseleg hytte.

Aktuelle kart

Kartblad for området er : Voss, kartblad 1316 II

Bestill overnatting