Det er til tider svært stor pågang på hyttebestillingssiden vår. Det kan føre til kapasitetsproblemer, og at noen opplever at man ikke får bestilt sitt opphold. Vårt beste tips er å vente litt, og forsøke igjen senere på dagen.
1/7
mainImage

Rosethytta

Voss Utferdslag
Ubetjent
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossafjelli
Åpen hele året

Ein kan kun leiga heile hytta (dvs ikkje sengeplassar) og hytta må bestillast på førehand.

Hytta er kun ope i sommarhalvåret, dvs frå 15. mai til 15. oktober. Ho er låst og du får informasjon om korleis du får nøkkelen ved bestilling. Du får kode til nøkkelboksen når du får bestillingsbekreftelsen (Ein kan ikkje nytta vanleg DNT-nøkkel)

Rosethytta ligg 670 moh. på Gråsida (sørsida av vangsvatnet) med panoramautsikt over Vossevangen og fjella omkring. Roset er eit mykje nytta turmål for lokalfolk i området. Ved start på Gjelle finn ein ei informasjonstavle med skildringa av den T-merka ruta til Roset, og stien vidare over Gråsida til Torfinnsheim og Hodnaberg.

Voss IL eig og driftar hytta
Hytta som vart bygd i 1921 er den eldste av to lagshytter som Voss IL eig og driftar. Hytta er rehabilitert i 2011-14. I hytta er det 10 madrasser m/sengetøy, ta med lakenpose eller sovepose. Vedovn for kos og varme. Gass til matlaging. Vatn finn du i elva like ved.

Hytta ligg i relativ kort avstand frå bilveg og parkering og er godt eigna også for bornefamiliar. Fylg skogsvegen frå Gjelle til det flatar ut og du finn eit bygg med ei sag. Her er det skilta og T - merka sti vidare opp lia. Deler av stien er bratt, men på toppen ventar ei storslagen utsikt over Voss og ei koseleg hytte. I området rundt hytta er det fine høve for kortare og lengre turar. Ei anbefaling er Gråsidetoppen. Kartblad for området er : Voss, kartblad 1316 II

Ved
Merk av veden på hytta kun skal brukast til oppvarming. Om du har planar om å laga bål utandørs, må du ta med din eigen ved til dette.

Det er ikkje tilrettelagt for hund på denne hytta.

Bestill overnatting