1/15
mainImage

Nansenbu

Voss Utferdslag
Ubetjent
Ulåst
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossafjelli
Åpen hele året
10 sengeplasser

Om Nansenbu
Nansenbu er ei koseleg hytte som ligg ved ei gamal steinhytte satt opp av Jon Lid i 1917 i Torfinnsdalen. Hytta er godt eigna som utgangspunkt for flotte dagsturar i røft høgfjellsterreng heile året.

Kortaste ruta til Nansenbu er frå Hodnaberg via Torfinnsheim. Turen er 10,3 km og ca 670 høgdemeter ein veg.

Planlegging av turen
Nansenbu ligg i høgfjellet. Planlegg turen difor godt, sjekk værmeldinga og langtidsvarselet før du legg ut på tur, ta med deg nødvendig utstyr og kle deg etter vêret. I høgfjellet kan vêret endra seg fort - ver alltid forberedt for at vêret kan bli dårlegare enn meldt.

Merknad: Redningsorganisasjonane er i stor grad baserte på frivillig innsats, og dei opplever for tida eit stort press på ressursane sine. Det er difor viktig at du er godt førebudd, tek ansvarlege val ut frå tilhøva, og er i stand til å gjennomføre turen på ein trygg måte på eiga hand.

Lokasjon
Nansenbu ligg på Gråsida, på sørsida av Vangsvatnet. Hytta er plassert nord for Torfinnsdalsvatnet, 1200 meter over havet.

Om hytta
Her finn du ei hovudhytte og ei ny naudbu med utedo.

Tal på senger: 10 senger fordelt på tre soverom.
Tal på senger for førehandsbestilling: 8 senger fordelt på to soverom

Fasilitetar på hytta
Hytta har stove, fullt utstyrt kjøkken og tre soverom med senger.

  • Senger: Sengene har puter og dyner. Du må ta med eigen lakenpose/sovepose.
  • Vatn: Ein finn vatn i groa rett ved sida av hytta
  • Gass til matlaging, fullt utstyrt kjøkken, vedomn til oppvarming. Kaffefiltertrakt.
  • Hytta har ikkje proviant, solcellepanel, fyrstehjelpsutstyr eller såpe til personleg hygiene.
  • Hund: Det er mogleg å ha hund i gangen på hovudhytta og i naudbua. Ver merksam på at hunden ikkje skal vera inne i hovudhytta.
  • Hytta er ulåst.

Planlegging av turen
Nansenbu ligg i høgfjellet. Planlegg turen difor godt, sjekk værmeldinga og langtidsvarselet før du legg ut på tur, ta med deg nødvendig utstyr og kle deg etter vêret. I høgfjellet kan vêret endra seg fort - ver alltid forberedt for at vêret kan bli dårlegare enn meldt.

Aktiviteter/turforslag

Frå påsketider er ruta over Gråsida, mellom Torfinnsheim og Gjelle kvista. Ein må ta ein kort avstikkar frå den kvista løypa for å koma til hytta.

Transport til startpunkt
Sjå www.entur.no for moglegheitene du har for å reisa kollektivt til Hodnaberg.

Medlemskap
Som medlem i DNT får du rabatt på overnatting på 550 DNT-hytter, turar og kurs m.m. Bli medlem her

Merk! Born frå 0 -12 år som er medlem får gratis overnatting på DNT hytter.

Historie
Stova i hytta er eit kjøkenrom henta frå eit over 100 år gamalt hus ved fjorden. Kjøkenrommet er teke ned, pussa på og satt opp att i Nansenbu. Tømmer og fargar er av gamal tid, og ein møbelsnekker har laga interiør i gamal tradisjon for å gjenskapa den rette kjensla. Namnet Nansenbu var eit naturleg val då det verserer historiar om at Fridjov Nansen har hatt opphald i området. Han skal mellom anna ha delteke på jakt med lokale grunneigarar i området og ha trena til si ferd over Grønland her. Som grunnstein har prosjektet fått ein murstein frå Nansen sin bustad på Lysaker i gåve fra Fridtjof Nansens Institutt i Oslo.


Gruppebestillingar på Nansenbu:

Bestill overnatting