Kinn

Ubetjent
Flora Turlag
Låst med spesialnøkkel
Fjordane
Åpen hele året
10 sengeplasser

Vil du oppleve og bu på øya Kinn, lengst vest i havet ved Florø? Kinn er mest kjent for middelalderkyrkja, Kinnaspelet og fine turmulighet. Det og fantastiske padle moglegheit med Kinn som utgangspunkt. Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten.

Beliggenhet

DNT hytta Kinn ligg på høya Kinn, heilt vest i landet vårt. Du må ta hurtigbåt frå Florø for å komme fram på Kinn. Her ligg huset nærme kaia.

Rom

Det er 10 sengeplassar i 2. etasje på huset.

Utstyr

På hytta er det fult utstyrt kjøkken, skolestove, sovesal på loftet og eit dobbeltrom. Hytta har òg tørkeskap, oppvaskmaskin, kjøleskap og induksjonsovn. Det er dusj og toalett inne i hytta, og eit toalett ved sidan av uteboda. Det er varmepumpe og ikkje vedomn på hytta. Treng du hjelp med bagasje etc er det ei tralle som ståe ved kaia(når den ikkje er i bruk) som kan brukast til det formålet.

Vatn

Vi har fått inn eit velfungerande vatnrenseanlegg, så springvatnet kan trygt drikkast!

Hund

Hunder skal ikkje inn i hytta.

Bestilling og betaling

På denne hytta kan du bestille overnatting digitalt. Då har du førehands tilgang til bestilt sengeplass fram til kl 21.00 på ankomst dag. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vera moglegheit for overnatting . Hugs å skriv deg inn i hytteprotokollen. Betal dersom du ikkje har bestilt og betalt på førehand. Betalingsinfo finn du på hytta. Det er kodelås på hytta som du får ved bestilling.

Har du spørsmål eller vil booke heile hytta? Ta kontakt med Signe Nordvik på telefon: 415 30 520 eller mail: signe.nordvik@gmail.com.

Treng du å avbestille? Følg denne lenka. Du skal ha fått lenka i bekreftinga når du booka.

DNT-medlemskap

Vi har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også. Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

Naturvern

Hugs alltid sporlaus ferdsel, og lukk grinder etter deg.

Naturen

Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten.

Historie og anna

Øya Kinn har ei rik historie med den gamle steinkyrkja, Kinnakyrkja frå 1100-talet som eit høgdepunkt. Segnene om heilagfolket og sankta Sunniva som kom over havet frå vest og stranda på Selja og Kinn, har alltid gjort inntrykk på folket her. Det kjende seglingsmerket «Kinnaklova» ligg vest på øya. På øya ligg den gamle handelstaden i Kinnasundet frå 1600-talet og like ved øya ligg det store havfyret Ytterøyane Fyr som vart bygd i år 1881. Denne DNT hytta er opprinneleg eit skulehus. Her var det skule frå 1920-talet. I 1. etasje var skulestova og på loftet hadde læraren eit rom og kjøkken.

Kinn inngår som siste stopp på arrangementet øyane over som Flora turlag arrangerar kvar vår i mai. På øya vert også det kjende friluftsspelet «Kinnaspelet» framført gjennom eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane teater og Kinnaspelet. Spelet vert halde 3. helga i juni og det er over 100.000 som har sett spelet til no. www.kinnaspelet.no

Hytta er stengt helga då Kinnaspelet er, i år er dette 20. juni til søndag 23 juni.

Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

...
Show more

Bestill overnatting

Velg dato og antall personer for å bestille overnatting

Kinn Skulehus, Soverom, Dobbeltseng 1 (venstre - dobbeltseng)


Kinn Skulehus, Soverom, Dobbeltseng 1 (høgre - dobbeltseng)


Kinn Skulehus, Sovesal, Enkeltseng 1


Kinn Skulehus, Sovesal, Enkeltseng 2


Kinn Skulehus, Sovesal, Enkeltseng 3


Kinn Skulehus, Sovesal, Enkeltseng 4


Kinn Skulehus, Sovesal, Enkeltseng 5


Kinn Skulehus, Sovesal, Enkeltseng 6


Kinn Skulehus, Sovesal, Enkeltseng 7


Kinn Skulehus, Sovesal, Enkeltseng 8

Bestill overnatting